Språklege retningslinjer for omsetjing av programvare til norsk
Innleiing
Dette er språklege retningslinjer for omsetjing av programvare til norsk – nynorsk og bokmål. Retningslinjene var opphavleg skrivne for Skulelinux-prosjektet og KDE, men kan gjerne brukast av alle som ønskjer eit godt og einskapleg norsk språk i dataprogram.
Dokumentet er hovudsakleg redigert på nynorsk, men når målforma ikkje er spesielt nemnd, gjeld retningslinjene både nynorsk og bokmål. Elles skal det gå klart fram kva målform som er omtala.
Innspel til forbetringar er hjarteleg velkomne. Send desse til diskusjonslista vår, l10n-no, eller meld inn ei «sak» på prosjektsida vår.
Norsk eller engelsk
Alle engelske faguttrykk skal setjast om til tilsvarande norske uttrykk. Me brukar for eksempel «skrivar» og ikkje «printer». Nokre nyare ord kan i førstninga verka merkelege, spesielt for folk som kjenner til dei engelske versjonane. Dette er ei rein vanesak. Hugs at for dei engelske brukarane var dei engelske «nyorda» like merkelege når dei først vert introduserte. Ordet «mouse» var til å le seg i hel av når det først kom!

I PC-ens barndom her til lands gjekk alle rundt og «seiva» dokument. Etter at norske teksthandsamingsprogram hadde vore på marknaden nokre år, var det vanskeleg å finna folk som gjorde anna enn å «lagra» dokumenta sine. Ordet hadde glidd inn i bruksvokabularet, og det var ingen som lenger tenkte på at å «lagra» var noko ein berre gjorde med matvarer i skap og spiskammer. Det er vanleg at ord får nye tydingar i dataspråket.
Det er to hovudgrunnar til at me brukar norske ord:
- Omsetjinga er til for heile folket. Me ønskjer at programma skal kunne brukast av alle, og då nyttar det ikkje at dei snakkar halvt engelsk. Ein skal ikkje vera avhengig av ordbok for å kunna bruka dataprogram!
- Dei engelske uttrykka er ofte utforma for å gjera dei lette å forstå og å hugsa. Dei brukar gjerne vanlege ord i overført tyding. For eksempel vil ein vanleg «firewall» (brannmur) hindra brann å spreia seg, mens ein elektronisk brannmur hindrar data å spreia seg. Viss ein vel å bruka dei engelske orda, vil mykje omtanke som gjekk med på å skapa desse orda vera forgjeves.
Avløysarord og importord
Korleis skal me laga nye ord? Dette er ikkje rett plass ta opp eit så stort emne. Me viser heller til tre interessante artiklar som tek opp problemstillinga:
Språknormalen
Me brukar konsekvent den offisielle språknormalen, då me ønskjer at programma skal kunna brukast i skulen. Opplæringslova § 15-3 seier at dei same reglane som gjeld for trykte læremiddel, gjeld for digitale læremiddel. Programma må altså liggja føre på begge målformene. Sjå Jon Grepstad sin artikkel om opplæringslova og elektroniske hjelpemiddel for litt historikk.
Men det er òg ein viss valfridom innanfor normalen. Når det gjeld omsetjing, er det likevel viktig at alle programma brukar dei same orda og ordformene, slik at brukaren møter eit einskapleg og lett gjenkjenneleg språk. Me har derfor blitt einige om desse retningslinjene:
Nynorsk
Generelt
- A-infinitiv (opna, senda, vera)
- Inkjekjønnsord får utan unntak inga ending i fleirtal
- Unngå an-be-heit-else-ord (me kan ha unntak)
- Skriv verbalt og naturleg!
2012-rettskrivinga
Den 1. august 2012 kom det ei ny rettskriving for nynorsk. Skiljet mellom læreboknormalen og den fulle nynorsknormalen vart då oppheva. Dette medfører at det ikkje lenger er noko som heiter klammeformer, og at me i prinsippet har mange fleire former å velja mellom (nokre former har òg gått ut).
For å gjera ting enkelt – ikkje minst fordi me alt har omsett mange program etter den gamle normalen – har me valt å ha som grunnregel at me brukar dei gamle læreboknormalformene når me har valet mellom to/fleire former. Men me har ein del unntak som er lista opp i desse retningslinjene. Desse gjeld spesielt tilfelle der den nye normalen gjer språket meir konsekvent og lettare.
Nokre grunnreglar og spesialtilfelle
Som grunnregel brukar me -ar-forma i presens av verb der me kan velja mellom -ar og -er. Me skriv for eksempel «brukar» i staden for «bruker», «klarar» i staden for «klarer» og «spelar» i staden for «speler». Men for desse tre verba brukar me blanda bøying, med preteritums-, perfektum- og adjektivformene «brukt(e)», «klart(e)», «tapt(e)» og «spelt(e)» i staden for «bruka», «klara», «tapa» og «spela». Blanda bøying vart først tillaten i 2012-normalen.
Hovudgrunnen er uttrykk som «Klarte ikkje [utføra handling]», som dukkar opp veldig ofte i omsetjingane våre. Denne synest me vil verka altfor rar med preteritumsforma «Klara ikkje [utføra handling]», som er lett å misforstå, då «klara» er presensforma i nokre dialektar. Tilsvarande gjeld uttrykk som «bruka dokument».
Nokre verb har valfri -de/-te eller anna ending i preteritum eller perfektum og tilhøyrande former. Eit eksempel er «å skremma», som kan bøyast «å skremma – skremmer – skremde/skremte». For slike ord brukar me endinga -de. Nokre spesialtilfelle:
- å slå – slått (ikkje slegen)
- å få – fått (ikkje fådd)
- å gå – gått (ikkje gådd)
- å heva – heva (ikkje hevd(e))
Nokre ord har valfritt kjønn. Følgjande reknar me som hankjønnsord:
- pakke
- tekst
Og følgjande reknar me som inkjekjønnsord:
- fellesskap
- medlemskap
Når me kan velja mellom enkel og dobbel konsonant, bør me velja det som fell mest naturleg / er vanlegast. Me brukar dobbel konsonant i «velkommen», «hammar», «ressurs» og «dommar», men enkel i «kjøt» og «kjøken». Viss du er i tvil, høyr på diskusjonslista.
Valfri j: Me brukar konsekvent j, for eksempel i substantivet «rekkje» og verbet «å setja».
Fleirtalsformer for hankjønn og hokjønn er me konsekvente på. Me brukar -ar/-ane for hankjønnsord og -er/-ene for hokjønnsord. Denne regelen er veldig lett å hugsa, og ein slepp å pugga unntak (norrøne former). Før 2012 måtte me bøya «ein vegg» som «vegger» og «veggene» og «ei elv» som «elvar» og «elvane»1. No vert det «veggar» og «elver». Merk at dette også gjeld -nad-ord, som «søknad» og «månad», som før hadde obligatorisk -er-ending.
Orda «breidd», «lengd» og «høgd»: I 2012-reforma vart det lov å skriva «breidde», «lengde» og «høgde». Me held på dei gamle formene, utan -e.
Ordet «stig»/«sti». Før 2012-reforma heitte dette berre «stig» i læreboknormalen. Dette kunne vera forvirrande, spesielt i bunden form. No kan me skriv «sti», og gjer det konsekvent (for eksempel i ord som «søkjesti»).
Ordet «eige»: Før 2012-reforma vart dette bøygd «eige – eig – ått – åtte». No er det lova å skriva «eigde» og «eigd», og det gjer me. Dei gamle formene kunne vera forvirrande i datatekstar (for eksempel i «Åtte filer»).
Generelt prøver me å få til eit moderne, brukarvenleg, munnleg språk, som verken er veldig konservativt eller veldig radikalt.
Elles, dersom du er i tvil om bøyinga av eit ord, er det berre å bruka ordbøkene på nett eller programmet ordbanken. Programmet gjer det lett å slå opp alle formene av eit grunnord og viser resultatet i ein oversiktleg, fargekoda tabell.
Nokre enkeltord
Til slutt er det stor valfridom i stil når det gjeld enkeltord. Skal me for eksempel bruka «å handsama» eller «å behandla»? Me har blitt einige om desse variantane:
| Bruk | Ikkje bruk |
|---|---|
| abonnera | tinga |
| handsama | behandla |
| be | bede |
| bestilla | tinga |
| bind | band |
| forbokstav, fornamn | føre- |
| framfor | framføre |
| (fri)villig | (fri)viljug |
| først | fyrst |
| gjennomsiktig | gjennomsynleg |
| gjetta | gissa |
| gje | gi |
| hjørne | hyrne |
| la | lata |
| linje | line |
| lys | ljos |
| løp | laup |
| mislukka | mislykka |
| me | vi |
| mogleg | mogeleg |
| nabo | granne |
| nyheiter | nyhende |
| nødvendig | turvande, naudsynt |
| nøkkel | nykel, lykel |
| oversikt | oversyn |
| ressurs | resurs |
| samtidig | samstundes |
| sikker/trygg | viss |
| gøyma | skjula |
| skyva | skuva |
| tilbake | attende |
| unntak | unnatak |
| velkommen | velkomen |
| verdifull | verdfull |
| verktøy | verkty |
| verta | bli |
Merk at «verta» og «bli» vert rekna som to sjølvstendige verb. Me brukar både presensordet «vert» og preteritumsordet «blitt».
Automatisk korrekturlesing
Me har eit system for automatisk/maskinell korrekturlesing av omsetjingane våre. Det kan blant anna brukast for å sjekka at omsetjingane følgjer dei språklege retningslinjene våre. Her er eit eksempel på korleis det fungerer:

Les meir om systemet for automatisk korrekturlesing på ei eiga side.
Bokmål
- Bruk artikkelen «en» (en liste, ikke
ei liste) - For ord som kan ta både hunkjønn og hankjønn, har vi valgt å bruke formene nedenfor, ofte -a-former der det er valgfritt, men ikke i alle tilfeller. (Ifølge Språkrådet er det lov å bruke hvilke former man vil, bare man er konsekvent, altså samme form på samme ord – ikke for eksempel både «boka» og «boken».)
| Hunkjønnsord | Hankjønnsord |
|---|---|
| boka | adressen |
| blokka | cellen |
| endringa | fanen |
| fila | pressen |
| fordelinga | siden |
| formateringa | tiden |
| fram | |
| godkjenninga | |
| gruppa | |
| grupperinga | |
| handlinga | |
| håndteringa | |
| inndelinga | |
| investeringa | |
| justeringa | |
| krypteringa | |
| lenka | |
| linja | |
| lista | |
| mappa | |
| markeringa | |
| meldinga | |
| merkinga | |
| musa | |
| nummereringa | |
| oppdateringa | |
| oppføringa | |
| orienteringa | |
| pila | |
| plasseringa | |
| ramma | |
| renta | |
| rettinga | |
| rota | |
| ruta | |
| samlinga | |
| skraveringa | |
| skrifta | |
| sorteringa | |
| (inn)stillinga | |
| tavla | |
| tegninga | |
| uka | |
| uthevinga | |
| utviklinga |
Ordene «kolonnen» og «maskinen» er bare tillatt som hannkjønnsord.
Vi bruker formen -ene som bestemt form flertall på intetkjønnsord: et punkt – punktene (og ikke et punkt – punkta).
Vi bruker formen -rene som bestemt form flertall på hannkjønnsord av tredje klasse: en parameter – parametrene (og ikke en parameter – parameterne). Ikke bland sammen ord som «lærer» med ord av denne ordklassen.
For bøyningsparadigmer i bokmål se forklaring til bokmålsordboka.
Generelle retningslinjer
Her følgjer nokre generelle retningslinjer som kan vera greitt å ha i bakhovudet når me set om.
Direkteomsetjing
Som omsetjar skal du laga ei best mogleg oppleving for brukaren. Direkte omsetjing av den engelske originalteksten er sjeldan heldig. For brukaren er det revnande likegyldig kva originalteksten seier. Di oppgåve som omsetjar er å formidla innhaldet i denne, i ei best mogleg språkdrakt, slik at teksten vert:
- Kort og konsis
- Lettlesen
- Teknisk korrekt
Korte ord er betre enn lange ord – korte setningar betre enn lange setningar. Mykje av teksten du set om, held til i dialogvindauge eller menyar, og der er det ofte lite plass! Korte setningar går òg raskare å lesa enn lange, men la for all del ikkje lengda gå ut over innhaldet eller kvaliteten. Ei dårleg formulert kort setning tek mykje lengre tid å lesa og å forstå enn ei godt formulert lang setning.
For at teksten skal vera lettlesen, må han følgja vanleg norsk setningsbygnad. Denne skil seg på vesentlege punkt frå engelsk setningsbygnad, og du må ofte stokka om på orda frå den engelske teksten. Ei setning kan òg verta til eitt ord, eller eitt ord til ei heil setning. Tenk heile tida flyt når du set om. Språket skal flyta naturleg.
Omsetjinga skal sjølvsagt vera teknisk korrekt, men ikkje ver redd for å vera mindre presis enn originalteksten. For eksempel kan du gjerne setja om «URI» til «adresse». Sistnemnte vil vera mykje meir forståeleg for folk.
Oftast er ikkje akkurat det ordet som er brukt i originalteksten viktig; det var berre det ordet programmeraren fann som passa best i farten. Dei færraste programmerarar er språkgeni, og, i fare for å tråkka nokon på tærne, har me inntrykk av at språkkjensla til den jamne dataprogrammeraren er lite å skryta av. I tillegg skriv hen gjerne på sitt andrespråk – utviklarane av fri programvare kjem frå heile verda.
Di oppgåve er berre å formidla innhaldet, så ikkje ver redd for å byta ut originalteksten med noko heilt anna (som passar, sjølvsagt). Les originalteksten, forstå innhaldet, og tenk på korleis du ville formulert dette på norsk utan først å ha høyrt originalteksten. Ver kreativ!
Personifisering
Enkelte program brukar av og til ei slags misforstått personifisering av omgrep. For eksempel brukte den tidlegare nettlesaren Mozilla omgrepet «My Sidebar», og i Windows finst det mange slike «My»-omgrep. Dette fører gjerne til tåpelege setningar i dokumentasjonen, som «You can let the Web come to you by using My Sidebar.» (ekte eksempel!). Kven sin «sidebar» er det her snakk om? På norsk kuttar me, om me kan, ut alle slike eigedomspronomen.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| My Sidebar | Min sidestolpe | Sidestolpe |
| Do not show me this message again. | Ikkje vis meg denne meldinga på nytt. | Vis ikkje denne meldinga på nytt. |
| Alert me whenever I’m about to view an unecrypted page. | Åtvar når eg er i ferd med å visa ei ukryptert side. | Åtvar ved vising av ukrypterte sider. |
Brukaren
Snakk direkte til brukaren som andreperson. Bruk konsekvent «du» i staden for «ein», uavhengig av kva originalteksten seier.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| One should therefore not store all configuration files in one directory. | Ein bør derfor ikkje leggja alle oppsettfilene i éi mappe. | Du bør derfor ikkje leggja alle oppsettfilene i éi mappe. |
Høflegheit
Engelsk brukar svært ofte «please», mens på norsk treng me sjeldan bruka ordet i det heile. Me er ikkje mindre høflege; me berre uttrykkjer det på andre måtar.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Please try again later. | Venlegst prøv på nytt seinare. | Prøv på nytt seinare. |
| Please wait. | Ver snill og vent litt. | Vent litt. |
Ordklassar og setningskonstruksjonar
Endring av ordklasse
På engelsk er det lett å laga verb av substantiv og omvendt, slik at for eksempel «edit» vert til «editor». På norsk bør me unngå dette, og heller bruka naturlege, norske skrivemåtar. Som alltid er det ikkje nokon grunn til å avgrensa omsetjinga til orda brukte i originalteksten. Så lenge omsetjinga formidlar innhaldet, er ho god.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Text Editor | Tekstredigerar | Skriveprogram |
| Buffer Allocator | Buffertildeler | Buffertildeling |
| Manage Bookmarks | Handter bokmerke | Bokmerkesamling2 |
| Download Manager | Nedlastingshandterar | Nedlastingssentral |
Substantivsjuke
Som vist ovanfor er det ofte verbalsubstantiv som fungerer best i brukarflata. Men i programdokumentasjon og andre samanhengar der me har heile setningar, er gjerne bruk av substantiv problemet. Skriv ikkje «Føretar installering av X», men heller «Installerer X». Meir informasjon og mange fine eksempel finn du i dette førelesingsmanuskriptet om «substantivsjuka».
Progressiv
Den engelske verbformen «progressiv» (going, walking osv.) har ingen direkte oversettelse på norsk. Her er det om å gjøre å unngå norske oversettelser av typen «innskriving av inndatafelt i teksten» (Entering Input Fields in Text). Bedre er oversettelser av typen:
| Original | Dårlig | Bedre |
|---|---|---|
| Querying User Data in Conditions | Spørring etter brukerdata i vilkårssetninger | Lage spørring etter brukerdata i vilkårssetninger |
| Using Master Documents and Subdocuments | Bruking av hoveddokumenter og underdokumenter | Bruk av hoveddokumenter og underdokumenter |
Spørsmål og utrop
I engelsk programdokumentasjon er det vanleg å bruka spørsmål eller utrop, spesielt i overskrifter. Dette høyrest dårleg ut på norsk. Skriv heller om:
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| What’s New? | Kva er nytt? | Nytt i denne utgåva |
| How do I use the program? | Korleis brukar eg programmet? | Bruk av programmet |
| Let’s get to know the program! | La oss verta kjende med programmet! | Introduksjon til programmet |
Av og til er òg utropsteikn brukte i feilmeldingar. Me brukar vanleg punktum på norsk.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| The server returned an invalid response! | Tenaren sende eit ugyldig svar! | Tenaren sende eit ugyldig svar. |
«To»-uttrykk
På engelsk er det vanleg med uttrykk på forma «To xxx, yyy». Denne setningsstillinga er unorsk. Vanlegvis vil ei omformulering til «yyy for å xxx» fungera veldig bra:
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| To continue, click Next. | For å gå vidare, trykk «Neste». | Trykk «Neste» for å gå vidare. |
| To access the directory, enter your user name and password. | For å få tilgang til mappa, skriv inn brukarnamn og passord. | Skriv inn brukarnamn og passord for å få tilgang til mappa. |
Imperativ
Imperativ (bydeform) er «kommandoforma» av ord. Denne vert brukt i menyar og dokumentasjon. Her brukar me i regelen stammen av verbet. For eksempel vert «å søkja» til «søk» i imperativ. Men der dette fører til ei tung konsonantopphoping, brukar me infinitivforma, for eksempel «lagra» i staden for «lagr».
Det skal aldri vera aksent i imperativ på norsk. Det heiter altså «installer» og ikkje «installér». Sjå òg Språkrådet sitt svar på eit spørsmål om dette og oversikta deira over imperativbøying.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Use | Bruka | Bruk |
| Open | Opn | Opna |
| Save | Lagr | Lagra |
| Install | Installér | Installer |
| Check | Kontrollér | Kontroller |
Fortid og framtid
På engelsk er det vanleg med setningar sette i perfektum. I dei aller fleste tilfella bør me setja om til preteritum, eller til og med presens. Byt òg frå passiv til aktiv form.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| An unknown error has occured! | Ein ukjend feil har oppstått. | Det oppstod ein ukjend feil. |
| The text you entered was not found. | Søkjeteksten vart ikkje funnen. | Fann ikkje søkjeteksten. |
| The information has been captured. | Informasjonen har blitt lagra. | Informasjonen er lagra. |
| A password will be used to access the information. | Du vil trenga eit passord for å få tilgang til informasjonen. | Du treng eit passord for å få tilgang til informasjonen. |
Tilsvarande gjeld for framtid:
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| The message will be sent as plain text. | Meldinga vil verta send som rein tekst. | Meldinga vert send som rein tekst. |
| Any changes will be lost. | Eventuelle endringar vil gå tapt. | Eventuelle endringar går tapt. |
Ubunden form eintal
På engelsk brukar ein ofte ubunden form eintal («a file»). Vanlegvis vil ei omgjering til fleirtal fungera betre på norsk. I nokre tilfelle vil ei anna omforming vera best.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Opening a file | Opna ei fil | Opning av filer |
| Find a bookmark... | Søk etter eit bokmerke … | Søk etter bokmerke … |
| Choose a font size | Vel ein skriftstorleik | Vel skriftstorleik |
| Installing a program | Installering av eit program | Programinstallering |
Spesielt om dataprogram
Når me set om dataprogram og hjelpetekstar, dukkar det opp problem me ikkje har ved omsetjing av skjønnlitteratur. Kva skal tastane på tastaturet heita på norsk, og korleis skal me referera til dei, eller til menyval i programma? Og skal funksjonsnamna i eit rekneark setjast om? Eventuelt til kva? Og kva med sjølve programnamna? Slike spørsmål tek me opp i dette avsnittet.
Store og små bokstavar
På engelsk har menyval og overskrifter store forbokstavar i kvart ord (såkalla title case). På norsk har dei ikkje det.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Save File As... | Lagra Fil Som … | Lagra fil som … |
| Search the Web... | Søk På Veven … | Søk på veven … |
Tastar
Alle tastar skal ha fast skrivemåte i norsk omsetjing, uavhengig av korleis dei er skrivne i originalteksten. For eksempel skal «PgUp» setjast om til «Page Up».

På engelsk er ein gjerne inkonsekvent, med ulike stavemåtar i ulike program. Det kan me unngå! Her er ei liste over kva tastane skal heita på norsk:
- Escape
- Tab
- Caps Lock
- Shift
- Windows
- Ctrl
- Alt
- Mellomrom
- Alt Gr
- Insert
- Delete
- Home
- End
- Page Up
- Page Down
- Print Screen
- Scroll Lock
- Num Lock
- Pause/Break
- Rettetast (på engelsk «Backspace»)
- Enter (om både «Enter» og «Return»-tastane)
- Pil venstre
- Pil høgre (bokmål: Pil høyre)
- Pil opp
- Pil ned
- Compose
Me brukar alltid brukar stor forbokstav – «Enter», ikkje «enter». Det gjeld òg tastar som «Pil venstre».
Tastar som finst på Suns spesialtastatur skal følgja dei offisielle norske omsetjingane, slik tastane er merkte på norske Sun-tastatur. Men me brukar nynorske namn i nynorskomsetjinga, sjølv om det ikkje finst noko fysisk tastatur med desse namna.
- Hjelp
- Avbryt
- Gjenta
- Egenskaper/Eigenskapar
- Angre/Angra
- Front
- Kopi
- Åpne/Opna
- Lim
- Søk
- Klipp

Tastar på Mac-tastaturet omset me slik Apple gjer det i sine norske program, pluss nynorskvariantar:
- Kommando (på folkemunne kalla epletasten, då han har eit bilete av eit eple på seg)
- Skift
- Tilvalg/Tilval (har eit bilete av to strekar, og står rett ved sida av epletasten)
- Enter
- Retur
- Kontroll
Bokstavtastar skriv me med store bokstavar («A», ikkje «a»). Det same gjeld F-tastane («F1»).
Her er nokre eksempel på alle reglane ovanfor:
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| enter | enter | Enter |
| PgUp | PgUp | Page Up |
| Page down | Page down | Page Down |
| AltGr | AltGr | Alt Gr |
| Ins | Ins | Insert |
| DEL | DEL | Delete |
| ESC | ESC | Escape |
| Help | Help | Hjelp |
| r | r | R |
| f11 | f11 | F11 |
Snøggtastar
Ved referansar til snøggtastar (tastekombinasjonar – fleire tastar haldne inne samtidig) skal kvar tast skiljast med mellomrom og plussteikn. I hjelpetekstar må me setja inn harde mellomrom før plussteikna (og vanlege mellomrom etter), slik at dei ved linjeskift kjem på same linje som tasten til venstre.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Ctrl c | Ctrl c | Ctrl + C |
| CTRL+ALT+DEL | CTRL+ALT+DEL | Ctrl + Alt + Delete |
| shift + f1 | shift + f1 | Shift + F1 |
Snarvegstastar
Ein kan ofte bruka «Alt»-tasten saman med ein bokstav til å hoppa direkte til menyar, knappar og andre element på skjermen: «Alt + F» opnar gjerne filmenyen, og «Alt + O» kan trykkja på «OK»-knappen. Bokstaven ein skal bruka, vert vist med strek under (i moderne program gjerne berre mens du held inne «Alt»-tasten). Slike tastar kallar me snarvegstastar, sidan dei er ein slags snarveg til ulike stadar i skjermbiletet.
Me har ei eiga side med litt meir informasjon om forskjellen på snarvegstastar og snøggtastar (bokmål: hurtigtaster). Der kan du òg lesa om dei mange ulike namna desse tastetypane har på engelsk.
Ideelt sett skal det ikkje finnast fleire snarvegstastar med den same bokstaven innanfor eitt skjermbilete3. I praksis er dette ofte vanskeleg å oppnå, då skjermtekstane kan komma frå mange ulike stadar i kjeldekoden og frå ulike delprogram/bibliotek.

Her er nokre rettesnorer for korleis me kan velja bokstavar til snarvegstastane:
- Første bokstav er ofte eit bra val: «Rediger»
- Er ikkje denne ledig og teksten berre har eitt ord, er dei neste bokstavane gode alternativ: «Rediger» eller «Rediger»
- Vel helst «logiske» bokstavar. Den første bokstaven i det viktigaste ordet er ofte eit bra val: «Nytt vindauge»
- Du kan ofte føresjå konfliktar ved å prøva å tippa kva for programtekstar som vil opptre i det same skjermbiletet. Ofte står menyvala etter kvarandre i omsetjingsfila.
- Unngå helst dei særnorske bokstavane æ, ø og å. Det er ikkje alle som har norsk tastatur.
- Sjå kva snarvegstastar som er brukte i andre program.
Det er som sagt vanskeleg å unngå alle tastekonfliktar. Me har observert skjermbilete der nesten 40 element gjer krav på kvar sin snarvegstast. Verken det engelske eller det norske alfabetet strekk då til.
Dr. Klash er eit kjekt verktøy som kan hjelpa deg å finna konfliktar i snarvegstastane i KDE-program. Du kan dessverre berre bruka Dr. Klash i program som er ferdig omsette, men då kan du i det minste fiksa feilen til neste versjon.
Referering til kommandoar
I programdokumentasjon må me ofte referera til kommandoar, menyval, knappar, tastar og liknande. Viss dokumentasjonen er skriven i rein tekst, brukar me alltid hermeteikn rundt desse namna. Viss formatering (kursiv, halvfeit og fargeleggjing) er tilgjengeleg og brukt i originalteksten, brukar me heller dette (ikkje bruk begge delar).
Me brukar pilteiknet «→» som skilje mellom ulike kommandoar/menyval/knappar i referansar til menyval og val i dialogvindauge, uavhengig av kva som er brukt i originalteksten4: «Innstillingar → Set opp». Bruk «Alt Gr + I» for å få fram pilteiknet. I tillegg har me mellomrom rundt pilteiknet – eit hard mellomrom på venstre side, og eit vanleg mellomrom på høgre side.
Nokre komponentar har eit ellipseteikn, «…», som indikerer at hendinga ikkje vert utførd direkte når ein trykkjer på teksten, men at ein for eksempel heller får opp eit dialogvindauge. I kommandoreferansen kuttar me ut dette.
Dersom referansen berre består av to eller tre komponentar, kan me ofte få ei betre omsetjing ved å skriva om. Me kan for eksempel skriva
Vel «Set opp» frå «Innstillingar»-menyen for å …
i staden for
Vel «Innstillingar → Set opp» for å …
Andre reglar:
- Unngå ordet «klikk». Eit museklikk er sjeldan den einaste måten å utføra ei handling på. Bruk heller «trykk», «vel» eller «bruk».
- Kutt ut preposisjonen «på» framfor kommandonamn.
- Kutt ut suffikset -knappen. Det er vanlegvis openbert at det er snakk om ein knapp.
- Namnet på kommandoen startar med stor bokstav.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Click Next to continue. | Trykk Neste for å halda fram. | Trykk «Neste» for å halda fram. |
| Choose «Print...» to open the print dialogue. | Vel «Skriv ut …» for å opna utskriftsvindauget. | Vel «Skriv ut» for å opna utskriftsvindauget. |
| Click Move Up and Move Down to … | Klikk Flytt opp og Flytt ned for å … | Bruk «Flytt opp» og «Flytt ned» for å … |
| On the "View" menu, choose "View Source". | Vel «Vis kjelde» frå «Vis»-menyen. | Vel Vis kjelde frå Vis-menyen. |
| Press the Close button to close dialog. | Trykk på «Lukk»-knappen for å lukka dialogen. | Trykk Lukk for å lukka dialogvindauget. |
| On the "File" menu, choose "Open file...". | Vel «Opna fil …» frå «Fil»-menyen. | Vel «Opna fil» frå «Fil»-menyen. |
| Press Control+c to copy text to the clipboard. | Trykk Ctrl + C for å kopiera tekst til utklippstavla. | Trykk «Ctrl + C» for å kopiera tekst til utklippstavla. |
| Choose 'Settings | Configure Editor... | General | View Line Numbers' to... | Vel «Innstillingar | Set opp skriveprogram … | Generelt | Vis linjenummer» for å … | Vel «Innstillingar → Set opp skriveprogram → Generelt → Vis linjenummer» for å … |
| Use Edit->Undo to... | Bruk Rediger->Angra for å … | Bruk «Rediger → Angra» for å … |
| Use "Edit - Undo" to... | Bruk «Rediger - Angra» for å … | Bruk «Rediger → Angra» for å … |
Omsetjing av programnamn
Programnamn skal i hovudregelen ikkje setjast om. Men me kan gjera unntak for enkelte småprogram, spesielt dersom programnamnet er særleg meiningsberande eller funksjonsorientert.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| KWord | KOrd | KWord |
| LibreOffice.org | FrittKontor.org | LibreOffice.org |
| Notepad | Notepad | Notisblokk |
| Solitaire | Solitaire | Kabal |
Omsetjing av funksjonar
Generelt
Det hender programmerarar finn opp nyskapande funksjonalitet, som dei gjev eit eige, ikkje-beskrivande namn, gjerne med merkeleg stavemåte (for eksempel «InterKapitalisering»). Sjølv om dei er skrivne som særnamn, set me dei om til vanlege, norske ord, slik at folk kan forstå dei!
| Original | Omsett |
|---|---|
| SpellFix™ | Stavekontroll |
| ChartWizzzard | Diagram |
| AutoCorrect | Autokorrektur |

I rekneark
- Skriv reknearkfunksjonar med store bokstavar.
- I utgangspunktet brukar me funksjonsnamna til siste versjon av Microsoft Excel der desse finst. Men nokre av desse er dårlege eller inkonsekvente, og då brukar me betre alternativ. Kolbjørn Stuestøl har laga ei oversikt over namna han brukar i LibreOffice Calc. Bruk desse.
- Skriv samansette funksjonsnamn med punktum-notasjon.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| QUARTILE | kvartil | KVARTIL |
| LOOKUP | SLÅOPP | SLÅ.OPP |
| GEOMEAN | GEOSNITT | GJENNOMSNITT.GEOMETRISK |
Val av ord og omsetjingar
Fy-ord
Her er nokre ord me gjerne finn i dårleg omsette dataprogram, og som er fristande å bruka. Det skal me imidlertid ikkje gjera, med mindre me har veldig god grunn til det (for eksempel kan me bruka «applikasjon» i samanhengar som «ein XML-applikasjon», men ikkje i samanhengar der ordet tyder «program»). Fy-orda står i venstre kolonne og dei gode alternativa i høgre.
| Ikkje bruk | Bruk |
|---|---|
| aktivera | bruka, slå på, gjera verksam |
| aktiv(ert) | på, i bruk, verksam, gjeldande |
| applikasjon | program (men i mobilsamanheng: app) |
| boot | oppstart, starta (opp) |
| browser | nettlesar, -oversikt |
| eksistera | finnast |
| generera | laga |
| indikera | visa, markera |
| inkludera | ta med, omfatta, rekna med |
| konfigurasjon | oppsett |
| lokasjon | plassering, adresse, stad, mappe |
| original | opphavleg |
| preferansar | innstillingar, føretrekt |
| printer | skrivar |
| server | tenar |
| sesjon | økt |
| software | program, programvare |
Me prøver elles å byta ut «dialog» og «dialogboks» med «vindauge» eller (når det er nødvendig) «dialogvindauge».
Sjå elles fellesordlista.
Namn på språk og land
Ein del program inneheld lister over språk eller land, for eksempel språk for stavekontroll. Av og til inneheld språknamn òg namnet på landet der ein snakkar/skriv språket, for eksempel for å skilja mellom britisk engelsk og amerikansk engelsk. På engelsk varierer skrivemåten frå program til program, men på norsk har me standardisert på forma «språknamn (landsnamn)».
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| English/USA | Engelsk/USA | Engelsk (USA) |
| US English | Amerikansk engelsk | Engelsk (USA) |
| English – UK | Engelsk – UK | Engelsk (Storbritannia) |
| Spanish [Ecuador] | Spansk [Ecuador] | Spansk (Ecuador) |
Merk elles at språknamn har liten forbokstav på norsk, mens landsnamn har stor forbokstav5. Namna på nynorsk og bokmål skriv me slik:
| Engelsk | Norsk |
|---|---|
| Norwegian Nynorsk | Norsk (nynorsk) |
| Norwegian Bokmål | Norsk (bokmål) |
Legg spesielt merke til at ein på engelsk ikkje brukar parentes, og brukar stor forbokstav både i «Norwegian» og i «Nynorsk»/«Bokmål». I tillegg skal det vera «Bokmål», ikkje «Bokmal». Dette er i samsvar med den internasjonale språkstandarden ISO 639. Viss originalteksten ikkje brukar dette formatet, ber du opphavsmannen endra dette.
Me har elles ei omfattande og grundig kvalitetssjekka oversikt over språknamn og landsnamn, på engelsk, fransk, nynorsk og bokmål – med tilhøyrande offisielle språk- og landskodar. Bruk denne oversikta.
Adresseskjema
I blant anna e-postprogram finn me skjema for inntasting av adresseinformasjon. Dette kan vera noko problematisk, då me ikkje brukar same adresseformat her i Noreg som i USA. Og då informasjonen gjerne vert utveksla som visittkort på tvers av ulike program, kan me heller ikkje skriva om skjemaa ved å fjerna og leggja til felt. Derfor får me gjera det beste ut av det, og bruka følgjande omsetjingar av dei ulike adressefelta:
| Engelsk | Norsk |
|---|---|
| Zip Code | Postnummer |
| City | Poststad (ikkje «by») |
| State | Delstat/region |
| Social Security Number (SSN) | Fødselsnummer (ikkje «personnummer») |

Faste uttrykk
Det finst ein del uttrykk me ofte møter i dataprogram og som me gjerne bør omsetja likt. Me har òg eit par skrivemåtar å unngå.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Could not | Kunne ikkje | Klarte ikkje |
| Can not | Kan ikkje | Klarte ikkje |
| Unable to | Ikkje i stand til | Klarte ikkje |
I heile tekstar skriv me for eksempel «Klarte ikkje opna» utan infinitivsmerket «å». Men merk at i mange samanhengar vil aktiv form vera best, som i «Fann ikkje fila» i staden for «Klarte ikkje finna fila» («Could not find file»).
I verktøytips til avkryssingsboksar finn me tekst som forklarar kva som skjer når det er (ikkje) kryssa av, men her er det brukt eit utal skrivemåtar på engelsk. Her er berre nokre få av dei:
- If this option is enabled, …
- Check to enable the …
- Enable this to …
- If checked, do …
- When enabled, …
- If checked, …
- If enabled, …
- …
Dette vert rotete. På norsk har me derfor valt to skrivemåtar, som me brukar konsekvent:
- Viss det er kryssa av her, …
- Kryss av her for å …
Vanlegvis brukar me den første varianten, men i nokre samanhenger fungerer nummer to best.
Personnamn og adresser i eksempel
Av og til må me «setja om» namn, brukarnamn, e-postadresser og nettadresser brukte i eksempel. På engelsk brukar dei ofte «John Doe» som eksempelperson, men det dukkar òg opp andre namn. Det mest spesielle me har sett er kanskje John Stuart Masterson III.
På norsk brukar ein gjerne Ola Nordmann eller Kari Nordmann. Sidan Ola Nordmann er mest brukt elles, har me for likestillinga si skuld valt å standardisera på Kari Nordmann, som har brukarnamnet knordmann og e-postadressa kari.nordmann@eksempel.no. Ho skal brukast i alle eksempla, uavhengig av kva som er brukt på engelsk. Viss me treng ein person nummer to i eit eksempel, brukar me Ola Nordmann.
Som me ser av e-postadressa til Kari, brukar me òg eksempel.no som standarddomene. Det er, i motsetning til det engelske example.com, ikkje reservert, men det får me leva med.
Typografi og teiknsetjing
Her er nokre av dei viktigaste reglane for typografi og teiknsetjing på norsk.
Hermeteikn
I dei engelske tekstane me omset, varierer dei veldig mellom å bruka " og ' som hermeteikn (sjølv om ingen av dei er typografisk rette hermeteikn!). På norsk brukar me konsekvent « og ». Skriv dei ved å bruka «Alt Gr + Z» og «Alt Gr + X» på Linux/Unix. På Windows fungerer «Alt + 0171» og «Alt + 0187» på det numeriske tastaturet.
Når me treng indre hermeteikn, vanlegvis til sitat inni sitat, brukar me teikna som liknar på opphøgde 6- og 9-tal, altså teikna U+2018 og U+2019: ‘ og ’. Skriv dei med «Shift + Alt Gr + B» og «Shift + Alt Gr + N».
Me brukar ikkje dei ukjønna '-«hermeteikna» (brukte i programmering), aksentane ` og ´ eller dei enkle hakene ‹ og ›.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Search for "%1" | Søk etter "%1" | Søk etter «%1» |
| "Use the 'Search' button" | "Bruk `Søk´-knappen" | «Bruk ‘Søk’-knappen» |
Komma
På engelsk brukar ein komma før «and» og «or» i siste punkt i ei liste. Det gjer me ikkje på norsk.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| […] elements, attributes, properties, and events. | […] element, attributt, eigenskapar, og hendingar. | […] element, attributt, eigenskapar og hendingar. |
Sjå elles Språkrådet si oversikt over kommareglane.
Mellomrom før utropsteikn, kolon, semikolon og spørjeteikn
Av og til finn me mellomrom framfor enkelte teiknsetjingsteikn i den engelske originalteksten. Dette er eit nesten sikkert teikn på at det er ein franskmann som står bak. Verken på norsk eller engelsk skal me ha mellomrom før desse teikna. Sei derfor frå til forfattaren, slik at originalteksten kan fiksast, og fjern mellomrommet i omsetjinga.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Password : | Passord : | Passord: |
| Are you sure ? | Er du sikker ? | Er du sikker? |
Men merk at det skal vera mellomrom før ellipseteikn på norsk. Sjå nedanfor.
Ellipseteikn
Eit ellipseteikn (ein ellipse) er tre punktum etter kvarandre. På norsk skal desse alltid ha mellomrom før seg6, òg i menyval. Me brukar konsekvent det typografisk korrekte ellipseteiknet, «…» (U+2026), og ikkje tre faktisk punktum, «...». I nokre skrifter kan desse sjå litt like ut, mens i andre er det svært synlege forskjellar.
Du kan leggja ellipseteiknet og tankestreken på tastaturet ved å laga ei fil som heiter .xmodmaprc i heimemappa, med dette innhaldet:
keycode 60 = period colon ellipsis periodcentered ellipsis periodcentered
keycode 61 = minus underscore endash emdash endash emdashKøyr no kommandoen xmodmap ~/.xmodmaprc for å oppdatera tastaturoppsettet. No vil «Alt Gr + .» (punktum) gje ellipse og «Alt Gr + -» (bindestrek) gje kort tankestrek. Hald i tillegg inne «Shift» for å få gongeteikn og lang tankestrek (men merk at me berre brukar kort tankestrek på norsk).
I hjelpefiler og andre plassar der ellipsen kan komma på slutten av ei linje, må me bruka eit hardt mellomrom i staden for eit vanleg mellomrom. Dette sikrar at ellipsen ikkje kjem åleine først i ei linje.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| Open file... | Opna fil... | Opna fil … |
Lister
Det finst to typar lister – punktmerkte lister og nummererte lister. Desse ser forskjellig ut på engelsk og norsk.
Punktmerkte lister
På engelsk brukar ein vanlegvis ein fylt sirkel (•) som punktteikn. På norsk brukar me ein tankestrek (–).
| Engelsk | Norsk |
|---|---|
|
• Item • Item • Item |
– Punkt – Punkt – Punkt |
Nummererte lister
På engelsk brukar ein tal etterfølgt av punktum i nummererte lister og overskrifter. På norsk kuttar me ut punktumet, og har eventuelt eit litt større mellomrom mellom talet og punktteksten.
| Engelsk | Norsk |
|---|---|
|
1. First item 2. Second item 3. Third item |
1 Første punkt 2 Andre punkt 3 Tredje punkt |
Det same gjeld for øvrig nummererte overskrifter.
Rettskriving
I rettskrivinga har me på nokre område valfridom. Reglane her viser då kva me har blitt einige om å bruka i omsetjingane våre. Me har òg teke med nokre rettskrivingsreglar det ofte vert synda mot, blant anna på grunn av forskjellige tradisjonar på engelsk og norsk. Uansett er er ei god ordbok alltid til stor hjelp. Skaff deg ei!
Forkortingar
Me skriv alltid initialord med store bokstavar, utan punktum mellom kvar bokstav.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| URI | U.R.I | URI |
Når det passar, kan me ha utvidinga i parentes etter ordet første gong det dukkar opp, eksempelvis «URI (Uniform Resource Identifier)» Men merk at for ordet «URI» føretrekkjer me oftast omsettinga «adresse», som i dei aller fleste tilfelle er presis nok, og mykje meir forståeleg for folk flest.
Einingar for mål, vekt, mynt og grunnstoff skal heller aldri ha punktum (med mindre dei kjem i slutten av ei setning). Det heiter altså «5 cm» og «1700 MHz».
Andre forkortingar, som «f.eks.» skal alltid ha punktum. Men i omsetjingane våre skriv me heilt ut, og brukar ikkje slike forkortingar, sjølv om dei gjer det i originalteksten. Det er vanlegvis nok av plass til dette.
Fleirtal av forkortingar skriv me med bindestrek, ikkje apostrof.
| Feil | Framleis feil | Rett |
|---|---|---|
| CD’ar | CDar | CD-ar |
| PC’en | PCen | PC-en |
Tal og siffer
I norsk skal vanlegvis tala null til tolv skrivast med bokstavar og høgare tal med siffer. Men når store og små tal er blanda, må alle bruka siffer. Det same gjeld i meir tekniske samanhenger:
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| 3 folders and 15 files | Tre mapper og 15 filer | 3 mapper og 15 filer |
Me brukar eit hardt mellomrom som tusenskiljeteikn og komma som desimalteikn.
| Engelsk | Norsk |
|---|---|
| 15,000,000 | 15 000 000 |
| 3.14 | 3,14 |
Sjå elles Språkrådet si oversikt over talreglar.
Matematiske operatorar
Det skal alltid vera mellomrom mellom operatorar (eksempel «+» og «−») og operandar (det som står på kvar side av operatorane, for eksempel tal) i matematiske uttrykk og liknande. I samanhengar der uttrykka kan verta delte over fleire linjer, brukar me hardt mellomrom før kvar operator.
Me har blitt einige om å bruka desse fire matematiske operatorane (delvis basert på kva som vert mest brukt i lærebøker på barne- og ungdomstrinnet):
- + (pluss)
- − (minus)
- · (multiplikasjon)
- : (divisjon)
Me brukar ikkje brukar bindestrek («-») eller tankestrek («–») som minusteikn, men det ekte minusteiknet «−» (U+2212). I mange skrifter liknar det på tankestreken, men det er ikkje heilt likt. Plasseringa loddrett og utforminga av streken er vanlegvis tilpassa til å samsvara med tverrstreken i «+»-teiknet.
Rett gongeteikn er «·», ikkje «×», «x» eller «*» (dei to siste er ikkje eingong ekte gongeteikn). Men skjermoppløysingar skriv me med teiknet «×», med hardt mellomrom før, og vanleg mellom etter:
Skjermoppløysing: 1280 × 960
Dette er ikkje bokstaven «x», som gjerne er brukt i dei engelske originaltekstane. Bruk «Alt Gr + Shift + *» for å fram teiknet.
Rett deleteikn er «:», ikkje «∕» eller «/» (sistnemnte er ikkje ein ekte delestrek, men ein vanlig skråstrek). Men brøkar skriv me med ekte teikn, «½» og «¼», ikkje «1/2» og «1/4». Det finst nokre ferdige brøkar, mens andre kan me laga sjølve: ⁶⁷⁸⁄₉₈₇.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| 2+2=4 | 2+2=4 | 2 + 2 = 4 |
| 8*8=64 | 8*8=64 | 8 · 8 = 64 |
| 42-2=40 | 42 - 2=40 | 42 − 2 = 40 |
| 42/2=21 | 42/2=21 | 42 : 2 = 21 |
|
Resolution: 640x480 |
Oppløysing: 640x480 |
Oppløysing: 640 × 480 |
Storleikar og einingar
Einingar
Noreg brukar det internasjonale SI-systemet for storleikar og einingar. I omsetjingsarbeidet kjem me sjeldan i kontakt med fleire enn desse tre einingane:
| Storleik | Namn | Symbol |
|---|---|---|
| lengd | meter | m |
| masse | kilogram | kg |
| tid | sekund | s |
Forkortinga for «sekund» er berre «s». Det hender originalteksten brukar orda «sec» eller «secs». Omsetjinga skal her bruka «s». Men me kan òg skriva «sekund» heilt ut dersom det er plass til det og det gjer teksten lettare å forstå.
Det finst òg nokre deriverte einingar, som «hertz» (symbolet «Hz», med same tyding som s–1).
Prefiks
Meir aktuelle er dei ulike prefiksa. Her er dei mest vanlege:
| Faktor | Namn | Symbol |
|---|---|---|
| 10–3 | milli | m |
| 10–2 | centi | c |
| 10–1 | desi | d |
| 10 | deka | da |
| 102 | hekto | h |
| 103 | kilo | k |
| 106 | mega | M |
| 109 | giga | G |
| 1012 | tera | T |
Prefiksa hektar du framfor einingar, utan mellomrom, eksempelvis MHz (= megahertz = millionar hertz).
Mellomrom
Her er reglane for mellomrom mellom måltal og eining:
- Det skal i regelen vera mellomrom mellom måltalet (talverdien) og eininga (bokstaven/-ane).
- Dette gjeld òg ved prosentteikn.
- Me brukar eit hardt mellomrom for å unngå å skilja måltal og eining.
- Temperaturgradar skal ha mellomrom mellom måltalet og «°C».
- Men det skal ikkje vera mellomrom mellom måltalet og gradteiknet ved vinklar.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| 40MB | 40MB | 40 MB |
| 99% | 99% | 99 % |
| 26°C | 26°C | 26 °C |
| 45 ° | 45 ° | 45° |
Sjå elles Språkrådet sin informasjon om mellomrom.
Store og små bokstavar – eintal og fleirtal
Einingane «bit» og «byte» skal forkortast til «b» og «B». Merk forskjellen på store og små bokstavar. «1 000 mb» er «1 000 millibit» – altså ein bit! Det hender originalteksten inneheld slike feil. Det skal ikkje omsetjinga gjera.
Alle einingar skal vera like i fleirtal som i eintal. For eksempel heiter det «meter» og ikkje «metrar». Dette gjeld òg «bit» og «byte».
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| 5 kilometers | 5 kilometrar | 5 kilometer |
| 80 kilobits | 80 kilobiter | 80 kilobit |
| 17 bytes | 17 bytes | 17 byte |
Ordet «per» og symbol
Ordet «per» (eller tilsvarande) skriv me alltid som ein vanleg skråstrek («/») i SI-systemet. Merk: Ikkje som ein deleskråstrek, «∕». Dette gjeld sjølv om originalteksten brukar noko anna. Som ein generell regel brukar me òg symbola og ikkje namna på einingane (men gjer unntak der namna passar, eksempelvis i lengre hjelpetekstar).
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| kbps | kbps | kb/s |
| kbits/sec | kbit/sek | kb/s |
Binærprefiks
Datamaskiner brukar binærtalsystemet, og potensar av 2 vert såleis veldig vanlege. Sidan 210 = 1 024 er veldig nært 1 000, oppstod det ein tradisjon med å bruka orda «kilobyte» og «megabyte» om 210 byte = 1 024 byte og 220 byte = 1 048 576 byte. Men «kilo» og «mega» er definerte til å vera tusen og éin million, og det oppstod sjølvsagt misforståingar. For eksempel var det greitt å bruka SI-definisjonen ved sal av harddiskar, men binærdefinisjonen ved kjøp …
Etter kvart vart vanlegvis SI-megabyte brukte i samband med minne, men «binær-megabyte» i samband med harddiskar og lagringsplass. I modemsamanheng var ein «kb» 1 000 bit, mens i andre samanhenger var det vanlegvis 1 024.
Heldigvis finst det ei løysing på dette problemet. I 1998 standardiserte IEC binærprefiks. Desse brukar dei to første bokstavane i dei vanlege prefiksa, pluss bokstavane «bi» (av «binary»).
| Faktor | Namn | Symbol |
|---|---|---|
| 210 | kibi | Ki |
| 220 | mebi | Mi |
| 230 | gibi | Gi |
| 240 | tebi | Ti |
Uttalen følgjer vanlege norske uttalereglar (òg på engelsk!).
Prefiksa vert brukte i stadig fleire program og vitskaplege tidsskrift. I omsetjingane brukar me konsekvent desse prefiksa der dei passar, uavhengig av kva originalteksten seier. Dette for å unngå misforståingar.
Viss programmet faktisk brukar kilobyte, megabyte eller liknande, skal me sjølvsagt ikkje endra dette til kibibyte, mebibyte og gibibyte. Det er berre viss programmet feilaktig brukar SI-eingane me rettar dette til binærprefiks. Det er derfor særs viktig å sjekka at programma faktisk meiner for eksempel «kibibyte» når det seier «kB», «KB», «kb», «kbytes» eller liknande. Sjå i kjeldekoden (viss programmet deler på «1 024», brukar det kibibyte, og viss det deler på «1 000», brukar det kilobyte) eller kontakt forfattaren.
| Original | Dårleg | Betre |
|---|---|---|
| kB | kB | KiB (viss korrekt) |
| Kb | Kb | Kib (viss korrekt) |
| gb | gb | GiB (viss korrekt) |
| mbytes/sec | mb/s | MiB/s (viss korrekt) |
Du kan òg lesa meir informasjon om binærprefiksa og einingar generelt, viss du er interessert i det. Elles er dokumentasjonen til LaTeX-pakken SIunits ein framifrå ressurs viss du er typen som likar å grava deg ned i alle detaljane rundt SI-standarden.
Samsvarsbøying
Samsvarsbøyinga vil kort sagt seia at me bøyer adjektiv i både kjønn, tal og bestemming. Det heiter for eksempel «ei vald melding» men «eit valt dokument» og «fleire valde dokument». Vidare heiter det «ein lesen e-post», men «den lesne e-posten». Etter 2012-reforma vart det lov å bruka forenkla samsvarsbøying for svake verb, men me har valt å halda på full samsvarsbøying. Det er ikkje så vanskeleg som det kanskje høyrest ut som.
Språkrådet har ei enkel men ufullstendig innføring i full samsvarsbøying, og i bladet Statsspråk nr. 4/97, finn du ei meir omfattande oversikt (med overskrifter som «Berre for spesialistar» og «Berre for professorar», men det gjeld for alle oss omsetjarar òg!).
Dersom du er i tvil om samsvarsbøyinga for eit ord, er det berre å bruka programmet ordbanken. Dette gjer det lett å slå opp alle formene av eit grunnord, og det viser resultatet i ein oversiktleg, fargekoda tabell.

Eksterne hjelpemiddel
Her er ei oversikt over nokre eksterne, elektroniske hjelpemiddel som er nyttige å kjenna til i omsetjingsarbeidet. Elles finst det eit hav av ordbøker, oppslagsverk og liknande trykte på daude tre. Språkrådet har ei liste over nokre av desse ikkje-elektroniske hjelpemidla.
Ordbøker og ordlister
Nedanfor er er ei oversikt over nokre ordbøker og ordlister, men det er vanskeleg å halda ei slik liste oppdatert. Me viser derfor til Språkrådet si oversikt over termressursar, der du finn mange fleire.
Sjå òg menyen «Ordlister» på toppen av denne sida for fleire ordlister me har laga. Her er spesielt fellesordlista vår aktuell.
Generelt
- Bokmålsordboka og Nynorskordboka
- Datatermar (Språkrådet)
- Avløysarord (Språkrådet)
Ordlister frå ferdig omsett programvare
- Microsoft-programvare
- Apple-programvare
- Våre omsetjingar – nynorsk og bokmål
Matematikk
- Engelsk–norsk og norsk–engelsk matematisk ordliste (omfattande og oppdatert)
- Engelsk–norsk ordliste i diskret matematikk
- Engelsk–norsk statistikkordliste
- Fleirspråkleg statistikkordliste (omfattande, men ikkje alt er omsett til norsk)
Økonomi
- Engelsk–norsk og norsk–engelsk økonomisk ordliste
- Norsk økonomisk ordbok
- Norsk økonomisk ordbok (Noregs bank)
- Engelsk–dansk finansiel ordbog
Dyr, fuglar og fisk
- Artsdatabanken (artar i Noreg)
- Aqualex (akvariefisk)
- FishBase (omfattande fiskedatabase)
Anna
Skrivereglar
- Rettskriving og grammatikk (Språkrådet)
- Skrivereglar, rettskriving og teiknsetjing (Korrekturavdelingen)
- Språkspørsmål og svar (Språkrådet)
- Boka Godt språk i lærebøker (omfattande og veldig god, frå Språkrådet)
Kjelder
Her er ei oversikt over kjeldene me brukte når me skreiv desse retningslinjene. I tillegg er mykje informasjon henta frå eksisterande Skulelinux-dokument. Andre kjelder er dei ulike lenkjene spreidde rundt i dokumentet.
- Dansk «Vejledning til oversættere» av fri programvare
- Svenske «Språkliga riktlinjer» for Sun-programvare (ikkje lenger tilgjengeleg)
Fotnotar
Strengt tatt kunne me skriva «elver» før òg, men det var då eit hankjønnsord (!) som tydde «alv» (det overnaturlige vesenet), ikkje ein vasstraum.↩︎
«Bokmerkesamling» kan her vera eit menyval som opnar eit vindauge for å ordna og redigera bokmerke.↩︎
Den fulle regelen er litt meir komplisert. Det held at det ikkje finst fleire snarvegstastar med den same bokstaven innanfor den delen av skjermbiletet som tek imot tastetrykk. For eksempel kan snarvegstastar innanfor ein undermeny godt bruka same bokstavar som snarvegstastar i overmenyen, sidan tastetrykk berre påverkar den (under)menyen ein er i.↩︎
På engelsk er ein sjeldan konsekvent på tvers av program, og brukar mange ulike teikn, som «-», «->» og «|».↩︎
Unntak gjeld sjølvsagt lister, i starten av setningar og andre plassar ord vanlegvis får stor forbokstav.↩︎
Det finst eitt unntak: Viss ellipsen markerer eit avbrote ord, eksempelvis i uttrykket «Fy f…», skal det ikkje vera mellomrom.↩︎